Kva har du i sekken, leseombod Torhild Austad?

Torhild Austad er eit rykande ferskt leseombod. Etter å ha vore deltakar på formidlingskurset i Evje gler ho seg til å reise ut for å lese for andre.unnamed

Nydeleg sekk du har Torhild! Kva har du i han?
I sekken har eg ei bok eg sjølv heldt på å lese: Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem. Det er kanskje ikkje ei bok som eg kjem til å lese høgt for andre. Men eg er ein stor tilhengar av Hoem og har lese mykje av han. Boka har eit flott språk og er skrive på nydeleg nynorsk. Eg har mykje kontakt med folk i Minnesota og boka gir lesaren god kunnskap om korleis utflyttarane den gongen hadde det, og kva som fekk dei til å reise. Og ikkje minst er boka aktuell no og gir innsikt i flyktningsituasjonen i dag. Eg ventar på ei engelsk omsetjing, slik at mine amerikanske slektningar kan lese ho.

last ned
Kva kjem du til å lese høgt for leseomboda, tru?
Då skal eg heilt klart lese eit dikt av Aasmund Olavsson Vinje, Lenda frå Land. Alle som høyrer det grin som berre det! Det er den tristaste og vakraste teksten eg kan tenke meg. Den som ikkje fell ei tåre av dette diktet, har eit hjarte av stein! I tillegg har det så fin rytme.

Her ser du Torhild formidle fyrste strofe: https://www.facebook.com/Leser-s%C3%B8ker-bok-107528122616793/timeline/
Og så tek eg med meg Katten til Ivar Aasen møtte hunden frå Baskerville av Ragnar Hovland. Som de skjønar er eg ein stor tilhengar av nynorsk litteratur!
Så det er berre bøker som får plass i sekken til ein lesehest som deg?
Nei, dessverre må eg nok alltid ha med meg mobilen…

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s