Svartedalen og Atle Hansen

forfatter

Atle Hansen er både forfattar, musikar og journalist. Som forfattar debuterte han med «Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill» i 1997. Sidan har han skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. Særleg kjend er han for å skrive spannande bøker med eit rytmisk, korthugd driv. Han er no aktuell med grøssaren «Svartedalen». Boka har fått støtte frå Leser søker bok og er den andre boka frå Hansen som har fått dette. Den fyste var «Flukt» frå 2013. Me tok ein prat med forfattaren!

Gratulera med ny bok! Korleis fekk du ideen til Svartedalen? 

Ein gong for lenge sidan, på syttitalet, budde eg i eit stort gammalt hus, som var bygd av ein skipsreiar tidleg på 1900-talet. Det var mange rare lydar i huset og store og ganske nifse rom. Ei natt stod det ein mann i uniform inne på rommet mitt. Han såg på meg og sa: Eg er kapteinen. Det er eg som bur her. Så vart han borte. Eg drøymde det sikkert, men eg har aldri kunna gløyma det. I mange år har eg tenkt å bruka dette i ei bok. No har eg gjort det.
svartedalen

Du brukar ein del element frå gamal norsk overtru i den nye boka di. I ei tv-verd kor det florerar av vampyrar og zombiar, tykkjer eg det var eit friskt grep. Hadde du dette i tankane då du skreiv Svartedalen, at det enno er kraft i desse forteljingane og førestellingane?

Eg har også brukt slikt tradisjonsstoff tidlegare, i «Ulvestova». Også zombiar og vampyrar høyrer heime i denne gamle forestillingsverda. Underjordiske og andre gamle segnfigurarar er nærare meg enn utanomjordiske vesen, oppkonstruerte fantasyverder og mord og krim. Og er du no heilt sikker på at det er overtru?

Du har bakgrunn som musikar, har dette påverka din måte å skrive på?

Noko av det eg skriv er nok påverka av musikken. Det handlar då om rytmikk, ordval og linedeling. Eg har i fleire av bøkene mine jobba medvite med dette, ikkje minst linefallet på sidene. Eg er også oppteken av at setningane skal ha ein god rytme i seg, og liggja godt i munnen.
Svartedalen, Flukt og Den svarte oksen har ein del likskap i måten dei er skrivne på. Vil du seie at du nærast har funne opp ein eigen sjanger?

Eg vil også nemna leseløva «Amanda sin medisin» som er skriven på same viset. At eg har skapt min eigen sjanger er jo veldig fint sagt, og ein frykteleg stor tanke. Eg har i alle fall medvite jobba med denne forma, og prøvd å finna ein måte å skriva på som er min eigen. Ein kritikar skreiv at «Den svarte oksen» er som eit langt spennande moderne dikt. Det likte eg å lesa.

Det verker som om landskap er viktig for forteljingane dine, blir du inspirert av vestlandslandskapet?

Eg bur på Vestlandet og kan ikkje tenkja meg å bu nokon annan stad. Naturen og folka her er ein del av meg. Eg kan ikkje fri meg frå det. Og slik vert det også ein del av det eg skriv. Eg likar å gå på tur i skogen, langs sjøen og stundom i fjellet. Eg trivst best på sjøen i båten med segl oppe eller snøre ute. Viss eg kan greia å formidla noko av dette, utan å gjera eit poeng av det, så er det fint.

Kva slags bøker og forfattarar leste du når du sjølv var ung?

Då eg var ung las eg alt eg kom over, men aldri ungdomsbøker. Eg veit ikkje om det fanst noko slikt. Eg las Morgan Kane-bøker, alle bøkene til Jack London og John Steinbeck, moderne dikt – særleg Jan Erik Vold og amerikanske poetar han omsette – dokumentarbøker om eventyrlege reiser, Ibsen sine skodespel, Asterix, detektivbøkene om Larry Kent, Mikjel Fønhus, Kjell Aukrust og alt anna eg kom over. Eg slukte rått og rote, som det heiter. Gleden ved å lesa kan ikkje avgrensast til ein sjanger eller ein skrivemåte. Stundom les ein for å læra, andre gonger for å få ei estetisk oppleving, men å lesa som underhaldning, tidtrøytte, ganske enkelt fordi det er kjekt er det som er kjekkast.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s