Superleseombod Eli Sporstøl

Fylke: Møre og RomsdalEli Sporstøl
Kommune: Ørsta

I Møre og Romsdal har vi berre superleseombod, så det å velje ut berre ein person til denne heidersutnemninga blei ein vanskeleg jobb for oss. I vår skulle kvart av Bok til alle-biblioteka få peike ut ein av sine leseombod, og det kom fleire gode nominasjonar. På eit møte for Bok til alle-kontaktane i fylket kom vi endeleg til ein konklusjon: Det måtte bli Ørsta sin representant. «Ho har «tigga» pengar til høgtalaranlegg på Ørstaheimen av Rebekkalosjen» skreiv Bok til alle-kontakten i nominasjonen. «Ho er også med i Røde Kors besøkstjeneste og i pårørandeforeininga på Ørstaheimen. Eg veit ikkje om dette kvalifiserer til superleseombod, men namnet er Eli Sporstøl». Klart slik engasjement kvalifiserer!

Eg ringer til Eli for å få eit intervju, men det viser seg at ho er på farten. Eg har inntrykk av at det er heilt normalt for leseomboda her i fylket – dei er aktive på alle område… Kan eg ringe deg på måndag? spør eg, og får til svar at Eg må berre sjå i boka mi, du veit – det er noko heile tida… Men intervju blir det.

Eli har vore leseombod på Hjørundfjordheimen på Sæbø i 6 år no, og for tre år sidan auka ho på med å lese for bebuarane på Ørstaheimen i Ørsta sentrum. På kvar stad er det om lag 25 bebuarar som er tilhøyrarar til dei populære lesestundene. Lesinga går føre seg i felles stue, ein gang pr. månad i Ørsta, og kvar 14. dag på Hjørundfjordheimen. At lesestunda skjer til fast tid og på fast vekedag er ein viktig rutine, og om det skal bli vellukka avheng i stor grad av innsatsen til dei som er på vakt. Mange av bebuarane må ha hjelp til å komme seg på plass.

Eli startar lesestunda med å samle bebuarane i ein halvmåne, og spelar gamle «svisker» og «hugsar du-melodiar» på ein CD-spelar ho har med seg. Ho syng med, og det gjer bebuarane og. Vidare vekslar ho på å lese dikt og spele musikk. – Det med musikken er veldig populært, seier ho. – Musikken er med på å hente fram langtidsminna deira, dei vert rolege av å høyre på musikk.

Når det gjeld å finne stoff til lesestundene har ho Birgitt på biblioteket som er veldig flink til å leite fram tekstar som passar. Eli har elles ei stor samling dikt sjølv, samt utklipp frå aviser og blad som ho les frå. – Eg ser det som viktig å lese frå lokale diktarar, eg har mange dikt som er frå Ørsta sentrum, tekstar om skule, ungdomshus, kafear og forretningar som no er nedlagde. Det gir dei eldre mykje glede å lese lokale ting, der dei kan hugse tilbake frå farne tider. Tema for lesestundene følgjer gjerne årstidene, og mot slutten av lesestunda syng dei nokre kristelege songar i lag, slike songar som bebuarane lærte på skulen og som dei sidan har sunge på bedehuset.

– Når eg er ferdig med lesestunda, pratar eg litt, og so går eg rundt og tek alle i handa og takkar for i dag og ynskjer dei ein fin dag. Eg les ikkje noko som er tungt og trist, og brukar mikrofon for at alle skal få med seg de eg seier. Og det er altså her snakk om eit høgtalaranlegg ho sjølv har skaffa pengar til. Ein søknad til Rebekkalosjen i Ørsta førte til at leseomboda i Ørsta no kan bruke mikrofon og forsterkar – som det er lett å få flytta på, fordi ektemannen til Eli har snekra ei praktisk trillevogn til utstyret.

Det var biblioteksjefen i Ørsta, Birgitt Barstad Sørheim som meinte at Eli ville egne seg som leseombod da Ørsta bibliotek blei eit Bok til alle-bibliotek for seks år sidan. Eli tok utfordringa på strak arm, og ho har ingen planar om å slutte med det første. – Eg ser kor det gleder, og kva det betyr i ein einsformig kvardag. Eli sitt råd til dei som vurderer å bli leseombod er enkelt: – Kom og vær med på laget! Det er givande og kjekt å glede dei gamle, det er god stimulans for dei, og dei treng det!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s